Aktiviteter

Vintertreff 2016

Vintertreffet var også i år på Vesterland Feriepark siste helga i januar. Dette var same helga som ekstremværet Tor herja, så vi var litt spente på om alle kom seg fram fredagen. Alle påmeldte utanom ein familie stilte på treffet, så det var kjempebra. Også i år hadde vi det kjekt.

Laurdagen hadde vi fristilt alle, men pga det dårlege været var dei fleste på handlerunde i Sogndal. På kvelden laurdag hadde vi quiz og lotteri med mange fine premiar. Søndagen var det racerbilkøyring inne på bilbana i leikeland. Pga det dårlege været var det ingen i alpinløypene denne gangen.

Sommartreff på Sande camping i Loen

I år hadde vi sommersamlinga på Sande camping i Lodalen ved det vakre lovatnet. Her fekk vi tilgang til både kanoar og trøbåtar, noko som både store og små benytta seg av heile helga. På lørdagen hadde vi ein fin tur opp til Kjenndalsbreen, som låg i enden av lovatnet. Vi stoppa også og såg på såret i fjellet etter det store raset som gjekk i 1936
Om kvelden hadde vi kuleturnering for både born og voksne, noko som er vorte ein tradisjon.
Solfrid Birkedal, som er regionskontakt i foreninga hadde teke turen heilt frå Stavanger for å vere med oss på samlinga. Rogaland hadde ikkje slike helgesamlingar, så ho plukka opp mange gode idear som ho tok med seg heim.

Vintertreff på Vesterland 2015

Også i år har vi hatt vintertreff på Vesterland helga 23.-25. januar. Vi var 33 store og små som hadde ei strålande helg. Laurdagen var to familiar i skibakken på Hafslo, der det var flotte forhold, med mykje snø.
Utpå laurdagskvelden hadde vi eit lite lotteri med fine premiar. Vi avslutta det ofisielle programmet med ein liten
quiz for store og små. Søndagen blei avslutta med full fart på ei fantastisk flott bilbane for fjernsturte bilar, noko ein kan sjå av bileta.