Hilsen fra Bli med heim/NRK Supers prosjektleder Kjellrun Lavik:

Dokumentarserien Bli med heim på NRK Super er no på leit etter nye familiar. Og i den samanhengen ser me etter barn mellom 6-9 år som lever i fosterfamiliar.
Aller helst på Vestlandet eller i alle fall helst utanfor sentrale austlandsområdet.

Bli med heim er ein dokumentarserie for barn, som handlar om barns oppvekst i ulike familiar. Det er ein dokumentarserie om praktisk og kjenslemessig meistring hos barn, som konsekvens av familien barnet veks opp i.
Serien vil vise at barns utfordringar gir dei styrke og stoltheit. Målet med serien er å vise mangfald og auke toleranse for mangfald. Bli med heim vil skape identifikasjon til barn i familiar over heile Noreg, den vil fenge barn i målgruppa og småbarnsfamilien, bli referert til å i leik og samtalar mellom barn og vaksne, samt bli brukt i undervisning.

I dokumentarisk fortalte forteljingar viser Bli med heim barna i praktiske gjeremål i kvardagen der utfordringar, meistring og stoltheit over å vere ein del av den aktuelle familien, kjem til syne.

Det er vanleg at ein filmar tre til fire dagar, men dette vil ein jo tilpasse.

Det er fint om barna kan reflektere litt rundt sitt eige liv, både det som kan vere krevjande, men også det som er bra.

___
Hvis dere har spørsmål eller er interessert i å delta kan dere ta kontakte direkte med Kjellrun Lavik på e-post kjellrun.lavik@nrk.no eller telefon 41 22 16 59. Dere må klarere med barnevernet og foreldre før dere melder dere på.

Her kan dere se sesong 1 av Bli med heim.